4. Dec 2020

Til brukarane av anlegga ved Skaret Skisenter SA

Frå 01.01.2021 blir det montert elektronisk bomsystem ved anlegga.

Frå 01.01.2021 blir det montert elektronisk bomsystem ved anlegga til Skaret Skisenter SA, og det blir innført ei ny ordning når det gjeld betaling for parkering og frivillig brukarstøtte. Den frivillige brukarstøtten har tidlegare vore tilknytta skisesongen, det vil seie skisesongen før og etter 1. januar, men heretter vil «bomavgifta» følgje kalenderåret.

Som ei «overgangsordning» for frivillig brukarstøtte for hausten 2020, oppfordres skivenner til å betale inn Kr. 400,- til konto 9650 08 80519.

Skaret Skisenter SA vil ha opne dagar kvar helg og ut året frå og med lørdag og søndag 21. og 22. november frå kl. 10.00 – 16.00. Der vil vi svare på spørsmål og selje plastkort/adgangskort for bruk i elektronisk bom, vi stiller med bankterminal.

Plastkorta er ein eingongskostnad for brukarane og kan nyttast i fleire år. Prisen pr kort er kr. 190.- inklusiv meirverdiavgift.

Plastkorta/adgangskorta blir aktiverte når brukaren betaler den valgte avgifta i betalingsautomaten ved bommen, korttype kan ikke endres fra eksempelvis halvårskort til helårskort etter aktivering.

NB! Brukarane skal betale årsavgift for den valte korttypen i automaten ved bommen.

MFK
Prosjekt Tilhørighet
Kjøper du helårskort til elektronisk bom på Skaret Skisenter før 01.01.2021 kan du i samme periode som du donerer støtten til Skaret Skisenter kjøpe sesongkort på Aker Stadion til halv pris gjennom Skaret Skisenter SA. I perioden 01.01.2021 – 01.04.2021 kan du til samme vilkår kjøpe sesongkort til Aker Stadion til 25% rabatt. Du har rett til refusjon av kostnader til sesongkort ved sterke restriksjoner på publikumsfremmøte til eliteserien 2021.

Satsar for 2021:  
Heilårskort 01.01.-31.12.21 kr. 1 300.-
Bil nr. 2 i familien «       700.- (gjeld berre ved kjøp av heilårskort)
Halvårskort 01.01.-30.06.21 «       900.-
Halvårskort 01.07.-31.12.21 «       600.-
Dagparkering «          60.-
Klippekort (10 klipp) «       500.-


Pr dags dato er ikkje tidspunktet for igangsetting av automaten klart, følg med på www.skaretskisenter.no
NB! Ved kunstsnø eller natursnø i perioden fram til 31.12.20 vil Skaret Skisenter SA ha parkeringsvakt på vanleg måte.

Vi håper alle er positive til innføring av elektronisk bomløysing.

For Skaret Skisenter SA

Skaret, 27/11-20

Ragnar Valle      styreleiar

Neste artikkel